Gabriel tek ultralyd av hjartet
Far og Kristian måtte og få leike seg litt :-)
Me tenkte at Gabriel skulle få sjå slottet til Kongen, men han bare sov :)Frå Torsdag til Fredag var me på ein liten Oslotur. Det var i anledning hjarteundersøking av Gabriel. Gabriel er født med eit hull mellom aorta og "lungeårene". Dette er eit hull som alle har når dei er inne i magen, men som skal lukke seg sjølv når ein blir født. Hjå Gabriel har ikkje det skjedd. Han hadde eit til før, men det lukka seg sjølv. "Åpenstående ductus" heiter det på fagspråket. Når me budde i Trondheim meinte kardiologen der at den ikkje trengte lukkast, men når me kom til kardiologen i Ålesund meinte han at den burde det. Difor blei me sendt til Rikshospitalet der dei skikkelege ekspertane er :) Der var beskjeden klar: "For meg er det ingen tvil, denne skal lukkes" sa doktoren der.. Så om ikkje veldig lenge skal me tilbake til Oslo for å ta inngrepet. Då skal dei gå inn gjennom lysken å sette inn ein propp! Dei var veldig flinke til å forklare godt så me er igrunne ikkje så veldig skremte :-)
Ellers hadde me ein fin tur. Me budde på Hotell Bondeheimen. Det var nesten som å kome til Aasen-tunet.. Alt på norsk var på nynorsk og det var sitat og bilder av kjente norske dikterar og forfatterar. Dessutan var det rimeleg, reint, fint og god mat der. Eigd av bygdeungdomslaget. God kinamat like ved..:-)

1 comments:
Hei Marie!
Så kjekt å lese i bloggen deres! Den har jeg faktisk aldri besøkt før, men nå skal jeg bli flinkere til å komme innom.
Så bra at det blir ordning på hjertet til Gabriel og at dere er klare for det som skal skje. Hørtes litt skremmende ut for meg som utenforstående, men forstår at det er lettere for dere som er satt inn i saken.
Så morsomt å se Kristian! Jeg synes han er lik Gabriel som liten =)
Turid
Post a Comment