Nå er dei fyrste hauststormane på veg til Langevåg. Naboen sin nye paviljong måtte bøya seg for vinden, så eg trur på værmeldinga.. Å då tykte eg at det var på tide å kome i gong med blogginga igjen. Sjølv om eg i det lengste har håpa på at sommaren skulle kome tilbake til oss. Eg lurer på kva som skjedde med det gode været som brukar kome i augus? Me såg ikkje mykje til det på sunnmøre iallefall. Heller ikkje dei 10 dagane gutane og eg var på Talgje i slutten av månaden. Men me har det godt og kjekt likevel! Å me hadde ein deilig, avslappande sommarferie på Talgje :-)

Me feira Gabriel på førehand (noko som var bra sidan han var sjuk på sjølve dagen...) Oddgeir pynta garasjen på Talgje med mange ballongar.. Stilig! :)

Gabriel nøyt å vere midtpunktet :-) 3 år!

Kristian likte mormor og morfar sitt piano veldig godt.. Nå er han snart 8 mnd og dansar så godt han kan viss det er noko som liknar på musikk i nærheita :-)

Kan det bli kulare enn å klyppa plen saman med morfar på plenkluppetraktoren?

Mormor sine fine sommarblomar...idyll!
0 comments:
Post a Comment