Thursday, April 2, 2009

Stor gut!


Gabriel er ein skøyar.. som dykk ser! Han likar godt å gjer seg til på bilete. Så må han sjølvsagt sjå med ein gong korleis det blei. Det same får mor og andre han "tek" bilete av. Me må "sjå" dei etterpå. Kan ikkje huske me gjorde slik når me var små :-)


Her har han faktisk funne ut at det gjekk fint å sitte på potte. Me må trikse og lure litt for at det skal gå... Potte og do er nemlig ikkje så veldig kjekt. Men mor ynskjer sterkt at dei skal bli populære i næraste framtid.. Begynner å bli stor for bleiene nå!


Hopping er gøy! Her i ein mindre farlig variant.. Gabriel er nemlig ganske tøff når det gjeld hopping. Men det kjem vel kanskje av at det ikkje alltid er like lett å vurdere kor vondt det kan bli viss noko ikkje går som det skal.. :-)

0 comments: